På sporet av å berge verda?

Av: Torstein Garmo, Hamsunlaget i Lom

Kva samanheng er det mellom ei mogleg løysing på framtidas energimangel og Knut Hamsuns slekt i Gudbrandsdalen?

Den 13. desember 2022 kalla U.S.A. sin energiminister, Jennifer Granholm, inn til ein pressekonferanse i Washington DC, der ho informerte om at forskarar ved Lawrence Livermore National Laboratory for fyrste gong i historia hadde greid å få meir energi ut av ein såkalla kontrollert fusjonsreaksjon enn det som vart sett inn for å få reaksjonen i gang. Ho sa det slik: « I eit svært kort – men viktig øyeblikk – lyktest det å generere 50 % meir energi enn ein brukte. Dei gjer eit arbeid som vil hjelpe menneska å løyse nokre av dei mest komplekse og presserende problem som vil komme, som å skape rein energi som vil kunne bekjempe den klimakrisa vi står overfor».

Trass i at det står igjen 25 til 30 års forsking og utvikling før ein får utvikla reaktorer og anna som kan omforme fusjonsenergi til nyttbar energi, så vil nok den 5. des. 2022 bli ståande som som ein merkedag i historia, for det var den dagen den historiske fusjonen vart gjennomført.

Vi skal i denne omgang vende interessa mot den personen som gav institusjonen i California namn, nemleg Ernest Orlando Lawrence. Og den enkle grunnen til at dette blir tema på Hamsun-Selskapets nettstad, er at Ernest var i slekt meg Knut Hamsun. Mora til Ernest, Gunda Regine, var tremenning med Hamsun.

Ernest vart fødd i prærielandsbyen Canton i Sør-Dakota. Etter utdanning ved tre ulike universitet i Midt-vesten tok han doktorgraden ved University of Yale i 1925, berre 24 år gamal. Han fann opp cyclotronen i 1929.  Denne oppfinninga fekk han Nobelprisen i fysikk for i 1939, fordi det tok 10 år før det faglege miljøet fann ut kva for gjennombrot dette var. Han blei professor ved University of California i Berkeley i 1930, 28 år gamal, og han er framleis den yngste som har blitt professor der. Lawrence starta oppbygginga av Radiation Laboratory i 1931.  I 1946 vart dette Laboratoriet lagt direkte under Department of Energy i Washington og fekk da namnet Berkeley National Laboratory.

M.S. Livingston og Ernest Lawrence foran syklotronen i 1930 (Foto: falt i det fri)

I 1952 var han med  på etableringa av eit nytt laboratorium i den vesle stasjonsbyen Livermore, nokre mil søraust for universitetsområdet i Berkeley. Dette senteret vart frå starten direkte underlagt Department of Energy (DOE) og fekk namnet Livermore National Laboratory. Da Ernest døde i 1958 fatta DOE det vedtaket at laboratoria både i Berkeley og i Livermore skulle bera hans namn, og vart da til Lawrence Livermore National Laboratory, og tilsvarande i Berkeley.

Skulegang og utdanninga til Ernest står i grell kontrast til den svært så mangelfulle som Knut fekk. I fem av åra han gjekk på grunnskulen var Knut utplassert hjå onkelen Hans. Han skriv om det i På gjengrodde stier: «Jeg var åtte år da jeg kom til ham og blev oppdressert til å skrive alt for ham. Det skete under skammelig tukt.» I tillegg skriv han om manglande kosthald i denne perioden, der det bla. a. står: «Hans husholderske het Sissel (Storøygard), hun var kanske et bra menneske, men hun sulteforet meg i flere år.»  Det var vel etter instruks frå hennar arbeidsgjevar.  Dei som var skolelærarar, som dei vart kalla, var slike som hadde vore skuleflinke og derfor fekk tilbod om å ta slikt arbeid. Den eine med utdanning som Knut fekk undervisning av, var vel presten Honoratsius Halling da han gjekk til konfirmantundervisning i Lom.

Om vi skal sjå litt på slektskapsbanda mellom desse to Nobelprisvinnarane, må vi gå til ein søskenflokk på tre ungar på Nyrneshaugen i Lom. Denne plassen var husmannsplass under garden Nyrnes, og ligg på grensa til Vågå. For å få litt bedre oversikt set eg det opp litt skjematisk:

  1. IVAR f. 1795.  Barn: Mari f. 1823. Gift 1849 med Knut Skultbakken.  Da dei døypte dottera Embjørg 17. mai 1857 så er broren til denne Knut, Peder Trædet, fadder.  Knut S. var altså onkelen til Knut Hamsun, og det er vel liten tvil om at det er etter denne onkelen han har fått namnet sitt.
  2. MARI f. 1799 Gift med Ole Pedersen Garmotrædet. Barn: Thora (Torø), mor til Knut Hamsun.
  3. KNUT f. 1802 Oldefar til Nobelprisvinnar Ernest O. Lawrence. Barn: 1. Mari f. 1830  Fadder til Knut Hamsun da han vart døypt den 24. aug. 1859. 2. Marit f, 1834 Gift med Erik Garmosøygard. Besteforeldra til Ernest O. Lawrence. 3. Hans f. 1841  Fadder til Knut Hamsun

Som det går fram av dette oppsettet så var desse to familiane vevd tett saman før dei reiste frå bygda, på kvar sin kant. Ein familie nordover til Hamarøy og den andre vestover – til Dakota, USA.

I 1968 kom det ut ei bok om Ernest i U.S.A. Den hadde tittelen An American Genius. Denne boka kom eg over på eit antikvariat i Chicago. På det same antikvariatet fann eg også ei anna bok. Den hadde tittelen «Hunger» og var utgjeven i 1967 av forlaget Farrar, Strauss and Giroux.  Isaac Basehvis Singer hadde skrive ein introduksjon. Der skriv Singer bla.a. slik: «Knut Hamsun`s genius is totally a product of self-searching and introspection».

I desse bøkene blir dei to slektningane karakteriserte som geni.  Det er da lett å tenke på kven som er den som eventuelt kunne overført felles gener mellom dei to. Den næraste til det er bestemora til Knut, Mari frå Nyrneshaugen. Ho døde berre 64 år gamal, knappe to år etter at dei kom opp til Hamarøy. Tore Hamsun nemner ho i ei setning i sin biografi. Der står det slik: «Peder hadde kone og fire barn , svigerfar, svigermor og svoger med på turen (til Hamarøy). Og ettersom den gamle svigermoren nu lå død i sin grav, så kan man kanskje ikke si at de var fulltallige der de satt».  Noko anna har eg ikkje funne om henne. I ei gamal regnskapsbok etter oldefar min fann eg derimot noko interessant.  Fyrste gongen eg fann dette så stussa eg fælt, for det stod på toppen av sida slik: «Skulen i 1860 begynte den 20. August». Kva hadde oldefar med skulen å gjera, tenkte eg.  Men etter kvart så gjekk det opp eit ljos for meg.  Her i Lom så seier vi skulen med tjukk l om skurdonna. Så dette var rekneskapen med dei kvinnfolka som hadde deltatt her under skuronna i 1860. Der står midt nede på lista: «Torø Træet og Mari». Men oldefar har sett ein tynn strek over Mari, truleg for å markere at ho likevel ikkje deltok i arbeidet. Torø måtte med andre ord ha med seg mora når ho var i grannegarden på arbeid. Da var Mari over 60 år (f.1799).  Dette fortel oss vel at det var ei årsak til at det er så lite å finne om ho. Dei som hadde problem av ein eller annan art skulle ikkje nemnast. 

Eg synest no det er heilt ufatteleg at Knut Hamsun, utan utdanning, pålag sjølvlært, og som kom frå nabogarden og som for 163 år sidan truleg krabba rundt på golvet i det rommet eg nå sit og skriv ned desse tankane, skulle få ein slik attest av den store forfattaren Isaac B. Singer i ein annan verdensdel som at «he is the father of the the modern school of literature in his every aspect.»

Sult til teaterscenen i Molde til høsten

Fra 14. oktober 2023 vil Sult utspille seg på scenen i Teatret vårt i Molde. “En fengslende reise som følger hovedpersonens kamp for å bli forstått og anerkjent”, forteller de på hjemmesiden sin. Regissør er Bjørnar Lisether Teigen, og han er samtidig den som har bearbeidet Hamsuns relativt monologiske roman til en dialogisk teaterform.

Hovedpersonen spilles av Oscar Jean. Les mer om forestillingen i arrangementskalenderen til høyre (nederst på siden hvis du leser på mobil).

Så kom førsteudgaven af Knut Hamsuns Sult i en tekstkritisk udgave

Af Elizabeth Blicher, udgiver ved Det Danske Sprog- og Litteraturselskab

Førsteudgaven af Knut Hamsuns Sult (1890) er nu udkommet til glæde og gavn for alle, både dem, der kender romanen, og dem, som endnu ikke gør. Det er nemlig kun de færreste, der har læst Sult, som den udkom i sin samtid.

Hamsuns værk (som han ikke selv kaldte en roman) er udkommet i en tekstkritisk — og dermed
videnskabeligt gennemarbejdet — udgave på Det Danske Sprog- og Litteraturselskab i kommission hos Gyldendal. Udgivelsen er baseret på førstetrykket, det vil sige den trykte bog, der dkom i København 1890. Hvorfor er det vigtigt? Jo, fordi Hamsun allerede mellem første og anden udgave (1899) ændrede i sin tekst og blandt andet fjernede den værste del af den blasfemiske tale mod Gud, som findes i bogens Tredje Stykke. Overraskende mange gange undervejs i sit forfatterskab ændrede Hamsun i sin debutroman, og i 1934, da den sidst autoriserede udgave kommer, er romanen slebet så meget til, at den kan siges at være en ny tekst. Der er skruet ned for det blasfemiske og det obskøne, og der er skruet op for det nationalistiske, især med et stærkt fornorsket sprog.

Den bog eller tekst, som det fleste har læst som Sult, er altså ikke nødvendigvis den tekst, der mødte samtiden i 1890, og som efter min bedste overbevisning er den mest originale. Den er i højere grad et historisk dokument, men den er også bedre rent æstetisk. De mange ændringer trækker værket i en retning, som står i modstrid med dens originale udtryk. Hamsun selv har til sin forlægger sagt, at han var så flov, at han ville skrive det hele om igen, hvis han kunne. Men det kan man heldigvis ikke, Sult overgår sig selv i sin nye form.

Værket udkommer i serien Danske Klassikere, men er dermed ikke danskernes. Det har sin egen litteraturhistoriske ret skrevet af en nordmand med orientering mod det intellektuelle København, som det var skik på den tid. Det er praktisk talt skrevet på dansk i sin oprindelige form, men med norske gloser og udtryk hist og her. Måske med en særegen norsk mentalitet? For det danske publikum er de norske gloser forklaret i noterne bagest i bogen, hvor de står sammen med en oversigt over stednavne og intertekstuelle henvisninger samt en samlet redegørelse for udgave- og tekstforhold. Der er sågar bragt et kort over Kristiania anno 1887, så man kan følge med, når hovedpersonen sjangler rundt i Kristiania! Bogens efterskrift er udarbejdet af professor emeritus Peer E. Sørensen og redaktør ved Det Danske Sprog- og Litteraturselskab Jesper Gehlert Nielsen, selve tekstudgivelse og noter ved Elizabeth Blicher.

Markens Grøde på Oslo Nye Centralteatret i juni

Verk Produksjoner satte i samarbeid med Trøndelag teater opp en burlesk og poetisk versjon av Hamsuns roman Markens Grøde høsten 2022. Nå settes stykket også opp i Oslo i forbindelse med festivalen Hedda-dagene 13.-14. juni 2023.

Hamsun-Selskapet og Hamsunsenteret samarbeider om et nettarrangement i slutten av april 2023 der teatersjefen på Trøndelag teater, Elisabeth Hansen, foredrar og deltar i en samtale om akkurat denne forestillingen. Oppsetningen av Hamsuns roman reiste nemlig en rekke etiske dilemmaer og skapte mye debatt.

Se mer informasjon om selve teaterstykket og om bilettsalg i arrangementskalenderen (høyre side). Medvirkende Madalena Sousa Helly- Hansen, Håkon Mathias Vassvik, Marianne Meløy, Isak Holmen Sørensen, Marina Popović. Regi Fredrik Hannestad.

Hamsun-quiz på nett (Teams) søndag 5. mars kl. 20!

Ole-Andreas Sæbø Jensen både lager spørsmålene og står for gjennomføringen av et hyggelig nettarrangement med quiz. Søndag 5/3 kl. 20 er alle interesserte hjertelig velkommen til å delta. Det blir 15-20 spørsmål, og de vil i hovedsak dreie seg rundt August-trilogien, Markens Grøde og Sult. Lenke til teams-arrangementet er her:

Klikk her for å bli med i møtet Møte-ID: 946 836 563 493 9 Passord: AfHXUo

De av Hamsun-Selskapets medlemmer som står registrert med mail-adresse, vil også få en e-post med påminnelse og lenke til arrangementet. Premien er – foruten  heder og ære – en Hamsun-Selskap-kopp: pen å se på, god å drikke av. Bildet viser forsiden, på baksiden er det et Hamsun-portrett.

Nå kan du fritt bruke Hamsun-tekster

Opphavsretten gir kunstnere og andre retten til sine egne verk så lenge de lever og videre i 70 år etter opphavspersonens død. Først da oppheves opphavsretten. Knut Hamsun døde i 1952. Det betyr at det fra 2023 for første gang er mulig å kopiere, framføre og videreutvikle alle hans verker uten tillatelse.

Ibsen og Hamsun fra bok til film

Filmatiseringer av Hamsun og Ibsen er tema når to nestorer inne film og litteratur, Jan Erik Holst og Robert Ferguson, inviterer til kurs 6. -8. februar 2023.

Tidligere direktør for Norsk filminstitutt, Jan Erik Holst, har fått med seg dramatiker og dobbelt Hamsun-og Ibsen-biograf Robert Ferguson på å holde dette kurset i langfilm og dokumentar.

Av Ibsens verker er det laget over 30 filmatiseringer og av Hamsun over 15. Hvordan har forvandlingen fra romanunivers til lerret gått? Og yter dokumentarfilmer om disse kunstneressene dem rettferdighet?

Påmelding og mer detaljer om arrangementet  her: https://www.nestorkurs.com/ibsen-og-hamsun

For 4300 kr får man kurs, overnatting og alle måltider. Kurset avholdes i Melsomvik, Vestfold. Se mer informasjon i arrangementskalenderen på høyre side.

Klok på bok om KNUT

For eitt år sidan delte vi på denne nettstaden «Klok på bok»-spalta til vekeavisa Dag og Tid. Kvifor? Jo, julenummeret av avisa har alltid gåter med Hamsun-tema. Det er framleis den hemmelege “Medikus Libri” som lagar gåtene. Da vi delte «Klok på bok» på tampen av 2021, var det ca. 150 stykk som var inne og studerte spørsmåla på nettstaden vår. Altså fatta såpass mange interesse at vi prøver i år igjen!

Tar du utfordringa og sender inn svar? Fristen er 6. januar. Kva du må finne ut av og kvar du sender inn svaret, finn du sist i utklippet/biletet under her.

Fiktivt intervju med Hamsun og 17 andre som har merket oss

Niels Christian Geelmuyden har begått boka Når de døde våkner. Fra Eidsvoll til Villa Villekulla – 18 portrettintervjuer med personene som har formet oss. Fellesnevneren i disse fiktive intervjuene er spørsmålet om galskap. De som svarer, er ei rekke nordiske kulturpersonligheter, og denne måten å møte forfattere og malere på, er underholdende og lærerik og maner til ettertanke. Selv om spørsmålene er dikta opp, er svarene faktuelle.

Geelmuyden har skrevet i mange sjangre oppigjennom, blant annet biografisjangeren. Han kan derfor kunsten å vekke leserens interesse. Et vellykka grep i den nye boka er at han møter kunstnerne mens de står i krevende situasjoner, et annet grep er å la dem avsløre noen av sine «hemmeligheter». Hamsun intervjues noen år etter at Sult utkom, og da er han noe bitter på mottakelsen han har fått i hjemlandet. Kunstnerne som «våkner» er, som vi forstår av tittelen, alle døde nå. Verket til Geelmuyden bindes ellers sammen av historiske linjer gjennom 1800- og 1900-tallet, og også det er et velfungerende grep. Boka er utgitt på Gyldendal. Kanskje ei bok å legge under juletreet – til glede for en selv eller noen andre?

Foredragssatsning på Hamsunsenteret

Ingri Løkholm Ramberg foredrar om institusjonsbøkene til Hamsun og Skram (foto: Torje Jensen/UiT)
Hamsunsenteret på Hamarøy planlegger å ha minst ett Hamsun-foredrag hvert halvår. Det skal holdes fysisk OG strømmes digitalt. Deretter legges opptaket på nettsidene deres, slik at interesserte fra inn- og utland kan få glede av dem. Hamsun-Selskapet samarbeider med senteret om dette, og foreslår tema og foredragsholder for det ene av de to foredragene hvert år framover. Selskapet bidrar også økonomisk til gjennomføringen.

Det første foredraget avholdes i og strømmes fra Hamsunsenterets Æventyrsal og sendes 24.november kl. 19.00.

« I institusjonens vold ?«

Ingri Løkholm Ramberg, Ph.D. fra Universitetet i Tromsø – Norges arktiske universitet, har skrevet en doktoravhandling som ble godkjent nå i 2022. Der analyserer hun tre langt på vei selvbiografiske litterære verk: Amalie Skrams Professor Hieronimus og På Sct. Jørgen (1895) og Knut Hamsuns Paa gjengrodde Stier (1949). Nå får vi høre om henne i samtale med senterets egen Alvhild Dvergsdal om Hamsuns skildringer av klinikker og gamlehjem.

Opptak av arrangementet er publisert på Hamsunsenterets nettside f.o.m. 25. november kl. 19 og kan når den enkelte selv ønsker. Lenke til foredraget ligger dessuten her: https://www.facebook.com/Hamsunsenteret/videos/1128499944723567/

Og her: https://youtu.be/hhLpVmc-Iik