Hamsunstugu og Pan

Torstein Garmo , leiar av Hamsunlaget i Lom, har drive så smått som slåttekar i sommar. Ein av plassane som no har litt lågare gras, er «tunet» til Hamunstugu. Hamsun blei født der i 1859.

Steinen som ligg rett bak stugua kan gjerne ha vore sjølve inspirasjonen til ei kjend skildring frå Pan.

(begge foto: Torstein Garmo)

Diktardagar 2024

Programmet er som alltid svært godt og variert, og det integrerer lokalt tilhøyre med nasjonalt og internasjonalt kunstnarskap.

Interessante namn som  Ivo de Figueiredo, Siri Helle og Brynjulf Jung Tjønn står på plakaten.  Under litteraturseminaret laurdag 31. august er det mellom anna lagt opp til paneldebatt om Knut Hamsun og Edvard Munch! Dagen etter kan ein vere med på ein kulturell utflukt i Hamsun og Munchs fotspor.

Heile programmet finn du på nett  her .