Av: Marit Aamodt, litteraturvitar/lektor, Bergen.
Markens grøde (MG), som Knut Hamsun fekk Nobelprisen i litteratur for i 1920, handlar om å vende tilbake til jorda og om nybrotsmannen Isak Sellanraa og familien hans. Romanen blir ofte tolka som ein kritikk av urbanisering og tapet av tradisjonelle verdiar. Med sin enkle bodskap om å vende tilbake til jorda trefte MG ei krigstrøytt befolkning over heile Europa. Og ein blir sugd inn i Hamsun si unike evne til å skildre karakterar. Kva for karakterar han vil skildre, står han som forfattar sjølvsagt fritt til å velje.
Difor møtte eit innslag frå Hamsunsenteret meg med stor undring i sommar. Under tittelen “Den kontroversielle Hamsun” hadde utstillinga videoforedrag frå ulike aktørar som veksla på å bli spelt av i den eine salen. Eit av desse foredraga stod litteraturvitar Vivian Aira for, og hennar bidrag oppfattar eg ikkje som anna enn ein kritikk av Hamsun sitt val av karakterar! Ho vil omskrive MG (høyrde eg rett?) og få det samiske folket og Sàpmi inn i boka. For dei samiske karakterane i MG blir ofte latterlgggjort. Og dei er flate og utan “dybde og ånd” seier ho. Javel, men no er altså dette ein roman og ikkje ei avhandling om det samiske! Som litteraturvitar bør Aira vite at i romanar er det forfattaren sitt djupe og einaste privilegium å velje sine karakterar. I denne romanen er det Isak og familien hans. Og tema er opplagt ikkje samisk kultur.
Aira seier at når ho les MG får den ho til å føle seg framand. Den er skriven i “hennar” heim, “hennar” landskap, seier ho, medan Isak som er framand i landskapet (hevdar Aira), føler seg “heime”, og dette blir understreka som eit paradoks. Men kvifor han skal vere “framand” her, lurer eg på. Som nordnorsk vandrar og seinare bonde, har vel han minst like sterke røter i dette landskapet som samane?
Diskusjonen om kven som “kom først” har som kjent prega debatten her heime i nyare tid, utan at eg skal meine noko om det. Men at eit internasjonalt åndsverk som MG skulle gjerast til ein kamparena for samiske rettar og urettar, blir for drøyt. Og det blir så alt for smått. Hamsuns bøker vekte rettnok avsky og harme rett etter 2. verdskrigen då diktaren viste seg å vere nazist. Men at denne geniale romanen skal bli ofra på “krenka” samar sitt alter og bli tatt til inntekt for norsk “kolonialisering” har eg svært vondt for å svelge. Romanen begynner slik: “Den lange, lange sti over myrene og inn i skogene hvem har trakket den opp? Mannen, mennesket, den første som var her. Det var ingen sti før ham.” Her vil Aira bytte ut orda “mannen” og “han” med “samen”. Ingen kommentar.

At ein kan sakne noko, eventuelt rase mot haldningar mm. i enkelte romanar, er berre å akseptere. Men her må ein profesjonell litteraturvitar legge til sides si private rolle. Eg kan heller ikkje med min beste vilje forstå at Aira sitt foredrag er representativt for korleis store deler av den (nord)samiske befolkninga oppfattar Hamsun. Men det er kanskje ikkje heilt “stovereint” for tida å protestere mot slikt? Å snevre inn eller endre på verdslitteratur eller annan kunst slik at den passar inn i ein notidig kontekst eller trend, er uansett å oppfatte som useriøst. Og kva blir det neste? Som kjent bur det også svært mange samar i Oslo – skulle ein t.d. krevje at Munchs Skrik-figur blir måla om til ein koftekledd same?
At Knut Hamsun latterleggjer enkelte samar opplever eg på same måte som når han latterleggjer andre lokale personar i bøkene sine. Og då ler han ofte både av og med dei. Humoren følgjer forresten tett på i dei fleste personskildringane til Hamsun. Dette kunne Aira ha trekt fram i foredraget sitt, men det vel ho å oversjå – eller ho manglar humoristisk sans. I det eg tumlar ut frå Hamsun-senteret veit eg ikkje om eg skal le eller gråte av videoinnslaget til Aira. Men ein ting er eg ganske så sikker på; Hamsun ville sjølv ha ledd – godt og lenge!
Illustrasjon: Gyldendals 2002-utgave av markens grøde, illustrert av Karl Erik Harr.