Vekeavisa Dag og Tid har ei morosam og lærerik spalte, «Klok på bok». Under pseudonymet «Medikus Libri» presenterer avisa kvar fredag lesarane for ei litterær gåte i form av eit tekstsitat med nokre hint attåt. Medikus Libri har gjort det til ein årleg tradisjon å presentere ein «Kviss med Knut» i juleutgåva av avisa. Da er det ikkje eitt enkelt tekstsitat, men ei rekkje spørsmål frå heile forfattarskapen ein får bryne seg på.
Hamsun-Selskapet har fått lov til å dele Hamsun-gåtene denne jula her på nettstaden vår. Vi trur medlemma vil synast det er interessant å sjå gåtene. Ja, kanskje vil nokon til og med ta utfordringa og sende inn forslag til løysning! Fristen er 8. januar, og resten av informasjonen du treng, finst i utklippet under her. Lykke til!