Diktardagar 2024

Diktardagar er ein festival som tar plass i Lom, Skjåk og Vågå i månadskiftet august-september kvart år. I 2024 er tittelen “Heim, det å høyre til”, og det er særleg Knut Hamsun som får merksemd i dagane 29. augist til 1. september.

Programmet er som alltid svært godt og variert, og det integrerer lokalt tilhøyre med nasjonalt og internasjonalt kunstnarskap.

Interessante namn som  Ivo de Figueiredo, Siri Helle og Brynjulf Jung Tjønn står på plakaten.  Under litteraturseminaret laurdag 31. august er det mellom anna ein paneldebatt om Knut Hamsun og Edvard Munch! Dagen etter er det tur i Hamsun og Munchs forspor.

Heile programmet finn du på nett  her    – og i pdf  her: Program Diktardagar 2024 pr. 23.05.24