Diktardagar 2024 med vekt på Hamsun

Diktardagar er ein festival som tar plass i Lom, Skjåk og Vågå i månadskiftet august-september kvart år. I 2024 er tittelen “Heim, det å høyre til”, og det er særleg Knut Hamsun som får merksemd i dagane 29. august til 1. september.

Programmet er som alltid svært godt og variert, og det integrerer lokalt tilhøyre med nasjonalt og internasjonalt kunstnarskap.

Interessante namn som  Ivo de Figueiredo, Siri Helle og Brynjulf Jung Tjønn står på plakaten.

Under litteraturseminaret laurdag 31. august er det mellom anna ein litterær samtale: Knut Hamsun og Edvard Munch. Med penn og pensel sette dei sitt preg på den tidlege modernismen i 1890-åra i Noreg. Dei var jamne i alder og hadde begge referanse til Vågå og Lom. I samtale med Ivo de Figueiredo, historikar og biograf og Henning Howlid Wærp, forfattar og professor ved UiT – spør samtaleleiar Ragnhild Hovengen: Kan vi finne parallelle uttrykksformer i biletkunsten til Munch og litteraturen til Hamsun?

Dagen etter, søndag 1. september,  er det (buss)tur i Hamsun og Munchs forspor.

Heile programmet finn du på nett  her