Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

Diktardagar i Lom, Skjåk og Vågå

august 31, 2023 @ 8:00 am - september 3, 2023 @ 5:00 pm

Tema for Diktardagar 2023 er den samfunnsengasjerte forfattaren. På ymse kulturfelt, som visesang, skjønnlitteratur og sakprosa ytrer forfattarar seg om engasjement i sake så vel som avgjerande val i livet. Diktardagar set undring over korleis dette har endra seg med tid og tilhøve på dagsordenen. Vekker tekstforfattar noko engasjement hos publikum i våre dagar? I tileflle, kring kva for emne?

To særs spanande namn som har takka ja til å delta på Diktardagar 2023, er forfattar Åsne Seierstad og musikar Halvdan Sivertsen. Laurdag 2. september held Sivertsen konsert i Lom. Åsne Seierstad tar del i både seminaret og bokbadet laurdag kveld. Billettar til dette, middag på Fossheim og tur til Klimapark 2469 er lagt ut for sal.

Her er programmet for Diktardagar 2023 i Ottadalen. Særleg litterauturseminaret laurdag 2. september kan vere av interesse for mange: «Den samfunnsengasjerte forfattaren».

Sjå heile programmet her: Program Diktardagar 2023 pr. 19.05.23

 

Detaljer

Arrangør

Sted