- Dette arrangement har allerede funnet sted.
Diktardagar i Lom, Skjåk og Otta
september 1, 2022 @ 1:00 pm - september 4, 2022 @ 5:00 pm
Festivalen Diktardagar byr på foredrag, debattar og kunstnariske innslag det målføre og mat er årets tematiske hovudingrediensar. Programmet lovar ei blandinga av nytt og gamalt, minnerikt og lærerikt. Det er flust med spanande namn på programmet, blant anna Sanna Sarromaa, Magnus Takvam, Hilde Kvalvaag, Hans Olav Lahlum, Arne Brimi og Henry Notaker. Festivalen varar fire dagar til ende- Litteraturseminaret er laurdag 3. sept. kl 9-16 i Utgard i Lom sentrum. Billettsalet startar 15.juni på diktardagar.no.
Hamsun er ikkje nemnt spesifikt i nokre av postane denne gongen, men for oss Hamsun-interesserte er det alltid overveldande å kome til Ottadalen og oppleve naturen, næringslivet, målføret og kulturlivet. Programmet for Diktardagane er spanande nok i seg sjølv, og spor etter Hamsun sine røter og seinare opphald i dalen finst så mange stader. Det er flust med informasjon omkring i lokalsamfunnet om Hamsuns tilknyting til området. Her får ein altså i pose og sekk om ein tar turen dit første helga i september.
Heile programmet: Program Diktardagar 2022