Diktardagar 2024 med vekt på Hamsun

Diktardagar er ein festival som tar plass i Lom, Skjåk og Vågå rundt 1. september kvart år. I 2024 er tittelen “Heim, det å høyre til”, og det er særleg Knut Hamsun som får merksemd.

Programmet er som alltid svært godt og variert, og det integrerer lokalt tilhøyre med nasjonalt og internasjonalt kunstnarskap.

Interessante namn som Karl Ove Knausgård og Brynjulf Jung Tjønn står på plakaten.  Under litteraturseminaret laurdag 31. august er det mellom anna ein paneldebatt om Knut Hamsun og Edvard Munch! Dagen etter er det tur i Hamsun og Munchs forspor.

Heile programmet finn du  her. 

 

Diktardagar i Lom, Skjåk og Otta

Festivalen Diktardagar byr på foredrag, debattar og kunstnariske innslag det målføre og mat er årets tematiske hovudingrediensar. Programmet lovar ei blandinga av nytt og gamalt, minnerikt og lærerikt. Det er flust med spanande namn på programmet, blant anna Sanna Sarromaa, Magnus Takvam, Hilde Kvalvaag, Hans Olav Lahlum, Arne Brimi og Henry Notaker. Festivalen varar fire dagar til ende- Litteraturseminaret er laurdag 3. sept. kl 9-16 i Utgard i Lom sentrum. Billettsalet startar 15.juni på diktardagar.no.

Hamsun er ikkje nemnt spesifikt i nokre av postane denne gongen, men for oss Hamsun-interesserte er det alltid overveldande å kome til Ottadalen og oppleve naturen, næringslivet, målføret og kulturlivet. Programmet for Diktardagane er spanande nok i seg sjølv, og spor etter Hamsun sine røter og seinare opphald i dalen finst så mange stader. Det er flust med informasjon omkring i lokalsamfunnet om Hamsuns tilknyting til området. Her får ein altså i pose og sekk om ein tar turen dit første helga i september.

Heile programmet: Program Diktardagar 2022