Laster Hendelser

« All Hendelser

Os Senioruniversitet: K.H Lunde – Om diktaren og mennesket Knut Hamsun

oktober 28 @ 11:00 am - 1:00 pm

NKR 100,

Os Senioruniversitet: K.H Lunde – “Om diktaren og mennesket Knut Hamsun som vart landssvikar”

Måndag 28. oktober kl 11 står ein Hamsun-presentasjon på plakaten i Oseana,  Os Kunst og Kultursenter i Hordaland.

 

Os senioruniversitet presenterar føredraget slik: I 1920 vart Knut Hamsun heidra med Nobelprisen i litteratur for romanen «Markens grøde». Han var ein folkekjær og høgt vørd forfattar både i inn- og utland. Tjue år seinare vart alt omsnudd: Han støtta heilhjarta Adolf Hitler og nazi- Tyskland som hærtok Norge.
For mange nordmenn var det vondt å sjå at den omtykte forfattaren svikta under krigen. Det norske  samfunnet sleit med å finna ut korleis dei skulle  ta hand om han då krigen tok slutt. Lenge håpte dei på at den skrøpelege, nesten døve oldingen skulle dø. Men fleire år gjekk. Hamsun levde. Den 89 år gamle forfattaren hadde endå ei bok han ville gi ut.

Osingen Kjell Harald Lunde var i mange år informasjonsdirektør i BKK, og før det journalist i NRK Hordaland. Han har skrive boka «Sabotøren» om krigshelten Fredrik Kayser.

Billettar til kr 100,- kan ein få kjøpt gjennom Ticketmaster, se lenke nedanfor.

Sted

Oseana
Mobergsbakken 20
5200 Os,
+ Google Map