Garmo bygdahus (foto: Lom kommune)

”Eit amerikansk geni” med røter i Lom
i
Garmo Bygdahus
Laurdag 28. februar 2015 kl. 19:00


Det er nå 75 år sidan Ernest Orlando Lawrence tok imot Nobelpisen i fysikk på det svenske generalkonsulatet i San Francisco. Rett nok vart han tildelt prisen i 1939, men på grunn av krigen i Europa, reiste han ikkje til Stockholm. Mor til Ernest Orlando Lawrence , Gunda, og Kn ut Hamsun var tremenningar, og deira felles røter kan sporast til søre Lia i Lom. I same grenda finn vi òg røtene til fleire av dei mest kjende treskjerarane i Nord-Gudbrandsdalen.

Dette er så spesielt at Knut Hamsun-laget ynskjer å markere det med foredrag, utstilling av bilde, salsutstilling av glasmaleri og musikkinnslag

Førebels program:
Torstein K. Garmo, gardbrukar og lokalhistorikar: To Nobelprisvinnarar Hallstein Høgåsen ,opphavleg frå Vågå, professor i atomfysikk: Ernest Orlando Lawrence – ein vi kan vera stolte av.

Torstein K. Garmo: Arven etter Ernest

Knut Kjøk: spelar fele

Julie Garmo: Song

Salsutstilling av glasmåleri laga av Sérgio Calabri

Bygdahuset sel kaffe, te, mineralvatn mm

Inngangsbillett: Vaksne kr. 100.- Barn: kr. 50.-

Velkomne!
Arr. Knut Hamsun-laget i Lom
Vi tek atterhald om endringar i programmet